Vinjerock + UngINN = sant
18. februar 2025
Er du mellom 13 og 21 år og busett i Innlandet fylkeskommune? Då må du sjå hit!
Endeleg kan me annonsere at Vinjerock inngår samarbeid med ungINN om rabatterte billettar til brukarar av ungINN-kortet i Innlandet fylke!
Som ungINN-brukar får du no tilgang til eit heilt eige billettsal, og kan kome deg på Vinjerock!
- Dette er noko me har ynskja oss i mange år, seier festivalsjef Ingebjørg Blomlie Müller. - Det er heilt nydeleg å endeleg kunne sikre at unge mellom 13 og 21 år i lokalområdet får tilgang til rabatterte billettar, og med det gjere Vinjerock endå meir tilgjengeleg lokalt.
Det skriv festivalsjefen på Vinjerock sine nettsider
Dei ordinære billettane til festivalen vart utseld på eit blunk i desember 2024, men no kan altså lokale ungdom få ein ny sjanse til å sikre seg ein plass på Vinjerock2025.
Ordning for heile Innlandet
ungINNkortet kan berre tingast av busette i Innlandet fylke mellom 13 og 21 år. Det vil såleis vere viktig å sikre seg kortet før ein handlar festivalpass til Vinjerock. Utan ungINNkortet vil ein ikkje kunne nytte seg av billetten, og det vert sjekka ved påsetjing av armband oppe på festivalen.
Sjå alle tilboda du har tilgang til som ungINN medlem, og ting kortet her
Prøveperiode fram til 1. juli
Sidan dette er fyrste gong Vinjerock testar ordninga vil det avgrensa talet billettar satt av til ordninga vere tilgjengeleg med fyrstemann til mølla-prinsippet. Om det skulle vere att nokon ved 1. juli, vil billettane kome for ordinært sal.
Meir om billettane og vilkåra for å kome på Vinjerock med ungINN billett kan de finne her
Følg oss på Facebook
Følg oss på Instagram