- Det er ei fantastisk reise frå vi startar opp om hausten til elevane står på scenen på Fagernes kulturhus. Vegen er lang og tidvis krevjande, men herremin for ein premie det er å sjå resultatet, seier Anica Seljestad.
Anica er eit engasjert menneske i ein jobb ho stortrivst med. Ho er motoren i teatertilbodet for dei yngste i Valdres. Det har ho vore sidan 2011, og på dei åra har teateret vokse seg større og vorte stadig meir profesjonelt.
- Stiller høge krav
- Mange tenkjer kanskje at eit barne- og ungdomsteater kan vera sånn halvvegs, at det ikkje er så nøye. Eg er nøye. Eg stiller høge krav til skodespelarane, til manus, kostymer, scenografi, lys og lyd. For meg handlar det om å ha trua, og når eg har trua på ungane, så får dei også trua på seg sjølv. Premien ligg i kvaliteten på framsyningane. Det er enormt tilfredstillande for alle når vi med handa på hjartet kan seie at vi har gjort vårt absolutt beste.
Teateret starta som eit sjølvstendig barneteater på Fagernes i 1988, altså for trettifem år sidan. Sidan har det vorte ein del av kulturskuletilbodet også i Øystre og Vestre Slidre i tillegg til i Nord Aurdal. Ofte melder det seg på ungar frå dei andre kommunane også. I år står det elevar frå fem av seks Valdres-kommunar på scenen.
Samansveisa
Men dette er ikkje heilt som andre kulturskuletilbod der ein kjører ungen til ein tjue-minutts time og ferdig med det. Å vera med i dette teateret er ikkje for latsabbar. Det har nok både barna og dei føresette fått merke. Somme foreldre blir lettare sjokkerte når dei forstår omfanget av kva som er forventa, ikkje berre av barna, men av dei sjølve.
- Vi er i stor grad eit foreldredrive tilbod, seier styreleiar Petra Granström.
- Alle foreldre blir delt inn i dugnadsgrupper. Nokre syr kostyme, andre snekrar kulisser, vi har frivillige på presse og spons, på kakebaking, økonomi, opprigg, nedrigg. Og sjølvsagt er også styret sett saman av foreldre. Det er eit stort apparat som skal fungere for å få opp ei stor teaterframsyning.
Petra fortel at i år er det femtiseks elevar som står på scenen. Det betyr at langt over hundre vaksne er i full sving.
- Nokre fell kanskje av, men samla sett så ser vi at vi blir sveisa saman undervegs, og dette er noko veldig mange set pris på. Vi blir teatergjengen. Dette er eit verdifullt fellesskap, også for oss vaksne, seier Petra.
Elektrisk stemning
Folk og røvere i Kardemommeby. Klassikaren av Torbjørn Egner var den store satsinga i kulturskuleåret 2022-23.
Det var ein fargerik og lykkeleg gjeng som kunne innta scena med stinn brakke på samtlege tre framsyningar den siste helga i april 2023.
Stemninga både på og bak scena var elektrisk. Og ungane spelte med stor glede og fanga publikum og presse fullstendig.
Etter siste framføring var det gledestårer hjå både barn og vaksne, men det var også mange av skodespelarane som felte tårer i sorg over at noko så stort var over og at det no er fleire månader til dei møtest igjen.
Robin Hood
Tidlegare har teateret sett opp Narnia, Oliver Twist, Annie, Hakkebakkeskogen, Trollmannen fra Oz og mange andre store, krevjande produksjonar.
No er det heile i gang på nytt. I Anicas hjartevarme drivhus blir spede spirer dyrka fram gjennom replikk-øving, dans og leik. Og når det nærmar seg våren, er det ein gjeng hettekledde røvarar som vil fylle scena i oppsetjinga Robin Hood.
Tekst: Alice Gudheim
Foto: Fredrik Holte Breien
Redigering: Lene Hovi/velgvaldres.no