Bokbad: Odelsskam
Om
Velkomen til bokbad: Alice Gudheim i samtale med forfattar og odelsjente Maria Lavik om odelsretten, oppveksten på eit familiebruk og den store avgjerda – ta over bruket på odel eller selje.
TID: Onsdag 7. mai kl. 19.00
STAD: Valdres Folkemuseum
PRIS: Kr 140
ARR: Valdresmusea
Arrangementet er del av museumsprogrammet Eit skigardsdele - frå stølskultur til hytteindustri.
Odelsskam
I boka Odelsskam skildrar Maria Lavik oppveksten på bygda og det vesle småbruket på Vestlandet. Ho veks opp med sauesanking, store avstandar, bokbuss annankvar torsdag og historier om ei livskraftig og motkulturell slekt. I femten generasjonar har Maria sine forfedrar lempa stein og slite med jorda, slik at dei som kom etter, skulle få eit betre liv. Men alt som sekstenåring flytta ho ut. Staden held på å gleppa mellom hendene på forfattaren.
Maria skildrar den evige reisa som mange utflyttarar er på, i stadig rørsle mellom bygda og byen, mellom «heim» og heim. Som mange andre spør Maria seg om ho skal ta over bruket, ho som for lengst har valt eit heilt anna liv i byen.
Samanvoven med hennar historie er den særnorske, over tusen år gamle odelsretten – ein rett, men ikkje ei plikt. Lova som koplar jorda og slekta saman, lova som har vore mykje omdiskutert i nyare tid. Ho skal verne garden og halde han i drift. Men er det framleis slik? Er det ei direkte kopling mellom odelsrett og jord i hevd i ei tid der det vert lagt ned ein gard kvar dag?
Om forfattaren
Maria Lavik er forfattar og journalist, oppvaksen i Eksingedalen og busett i Oslo. Lavik har erfaring frå NRK, Klassekampen og Vårt Land. Ho har gjeve ut to sakprosabøker: Vi, dei fattige: Åtte forteljingar om barnefattigdom (2021) og Odelsskam: å gje slepp på ein gard etter femten generasjonar (2024)
Om bokbaderen
Alice Gudheim kjem frå Valdres. Ho er skribent og prosjektleiar for Valdresmusea si satsing «Ung i debatten». I tillegg driv ho Bitibua, ein tradisjonsrik kiosk med lokalmatutsal på Beitostølen i Øystre Slidre.
TripAdvisor
Åpningstider
Valdres Folkemuseum (7 mai 2025) | ||
---|---|---|
Dag | Tider | |
Onsdag | 19:00 |