Tilsette

BENTE LINDAHL  - DAGLEG LEIAR

Kjem frå Valdres, men budde fleire år utanfor dalføret før ho flytte heim. Brei bakgrunn frå kommunar, entreprenørskap og organisasjonar.

Leier Valdres Natur- og Kulturpark, jobbar for regional utvikling saman med både privat næringsliv og kommunane.

Henning Wangsnes - kreativ leDER

Født i Southampton, oppvaksen i Vestfold og budd i Valdres sidan 1997. Har vore sjølvstendig næringsdrivande i 14 år, der han jobba kreativt med kommunikasjon, grafisk design og illustrasjon.

Arbeider dagleg med å synliggjera, utvikle og styrke merkevara Valdres. 

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Guri Grønolen  - OVERINGENIØR

Kjem ifrå og bur i Beito. Utdanning frå Universitetet for Miljø og Biovitenskap, Hamar Lærarhøgskule og Oppland DH. 

Regional medarbeidar i Valdres for Statsforvaltaren i Innlandet. Har oppgåver for embetet og jobbar med næringsutvikling i Valdres i tett samarbeid med VNK og andre regionale utviklingsmiljø.

Henriette Storbækken - Kulturarvrådgjevar

Oppvaksen i Nord-Østerdalen, utdanna arkeolog med mastergrad frå NTNU i Trondheim, har og studert ved University of Winchester i England

Arbeider med å fremje både materiell og immatriell kulturarv i regionen, samt lokalsamfunnsutvikling. 

ina syversen - leiar av valdres friluftsråd og Folkehelsekoordinator

Født og oppvaksen i Valdres. Bachelor i folkehelse med vekt på fysisk aktivitet.

Samarbeider med folkehelse- og frisklivsrettleiarar i kommunane. Tilrettelegging av stigar, løyper og områder som største arbeidsoppgave, vidare arbeider ho med aktivitetar som friluftsskule, varmebuer og andre prosjekter som kommunar og frivillige ynskjer.

Gunhild Bergene  - Prosjektleiar "Framtidstru i Valdres-landbruket"

Vaks opp i Etnedal og utdanna sivilagronom. Har erfaring frå landbruket som rådgjevar i NLR og saksbehandlar på landbrukskontor.

Skal arbeide saman med landbruket i Valdres, i halv stilling, for å styrke næringa og auke interessa for landbruk hjå morgondagens bønder.

MARIANNE STRAUM - KULTURRÅDGJEVAR

Kjem frå Liagardane i Vang, men har budd i Øystre Slidre dei siste åra.

Har mellom anna utdanning frå Høgskulen i Telemark og NTNU, og erfaring frå kulturarbeid og pedagogisk arbeid. Arbeider (i 40% stilling) med å skape samhandling og utvikling innan kulturfeltet i Valdres, med kulturaktørar, næringsliv og kommunane.

TORKJELL HAUGEN  - RROSJEKTKOORDINATOR

Deltidstilsett i Valdres friluftsråd og arbeider med Aksjon AQUA - Reine Vatn i Valdres, samarbeidsprosjekt med DNT Valdres og den kommunale breibandsutbygginga i regionen.

30 års erfaring frå forsvaret. Har ein master i Samfunnssikkerheit og kriseleiing, og ein i MPA.

Lene Hovi - kommunikasjonsmedarbeidar

Oppvaksen i Valdres, men budd utanfor bygda i 26 år. No busett på Fagernes og jobbar med å kommunisere VNK sine prosjekt og dei gode historiene frå Valdres.

Skriv artiklar, driftar VNK sine sosiale medium og skal bidra til å styrke merkevara Valdres. Prosjektlleiar for Aksjon AQUA og Velg Valdres.

+ 47 41 42 42 62