Valdres Natur- og Kulturpark skal vera ein arena for samhandling mellom kommunar, reiseliv, kultur- og friluftsorganisasjonar, bønder og andre næringsdrivande. Vi skal samhandle om å laga produkt og opplevingar som er unike etter sin eigenart, og som vi kan bygge ei sterk merkevare på - Merkevara Valdres.
Valdres Natur- og Kulturpark jobbar difor med fleire prosjekt og under finn du informasjon om dei ulike prosjekta.