Tilskot for 2023: Folkemusikk i notid og framtid
13. februar 2023
"Spelejenta" er ei framsyning med Anne Heidi Kvam Hillestad og Sivert Holmen. Dei mottok støtte frå "Folkemusikk i notid og framtid" i 2022 for si framsyning basert på barneboka av Jon Fosse med same navn. Felespel og folkedans rammar inn handlinga. (Foto: Øystein Johnsen/Innlandet fylkeskommune)
Tilskott 2023
Valdreskommunane forvaltar ei tilskottsordning for produksjon og framsyning av folkemusikk og folkedans. I 2023 er det 60 000 kroner til fordeling. Støtta blir gitt til 1–3 produksjonar som produksjonsstøtte og/eller turnéstøtte.
Produksjonen skal ha røter i musikk- og dansetradisjonane i Valdres og utøvarane må ha tilknyting til Valdres. Hovudformålet er at flest mogleg born og unge skal oppleve levande folkemusikk frå Valdres. Produksjonen kan inngå i den kulturelle skulesekken eller visast i samanhengar der det er naturleg at born og unge er med.
Søkjarar busett i Valdres vert prioritert.
I 2022 gjekk tilskottet til tre ulike forstillingar.
For å få produksjonsmidlar innan ”Folkemusikk i notid og framtid” må:
- Produksjonen skal være klar for framsyning innan utgangen av 2023
- Produksjonen vere egna og visast på arena for born og unge/familiar/alle
- Produksjonar som blir produsert for (DKS) Den Kulturelle Skulesekken skal sendast ut til alle Valdreskommunane
Her finn du Søknadsskjema eller ta kontakt på ks@valdres.no ved spørsmål.
Eventuelle vedlegg sendast til info@valdres.museum.no
Søknadsfrist: onsdag 1. mars 2023.