Vil du ha stand på Valdresdagen?

Valdresdagen trekker en rekke fine folk som gleder seg over både klassisk musikk, regionens spekepølse "kurv", samt øvrige lokalmat- og kvalitetsprodukter. (Foto: Aya Strand)

Velkomen på Valdresdagen i Briskebyen med Valdresgilde og kurvekåring, konsert med Valdres Sommersymfoni, sommaropning av Valdres og fest! Her skal det myldre av musikk- og matglade folk.

Vi inviterer lokalmatprodusentane og andre utstillarar til å ha stand saman med kurveprodusentane.

Programmet for Valdresdagen omfattar:
- Gratiskonsert med klassiske perler med Valdres Sommersymfoni
- Kafèbord og sal av kaffi og lokalt bakverk i Briskebyen som bidreg til å skape den gode stemninga
- Standar i Gullsmedvegen der lokalmatprodusentar sel norske matskattar frå Valdres, spesialitetar og nydeleg lokalmat
- Kurvekåring med fag- og folkejury
- Opning av Valdresdagen v/Knut Arne Fjelltun, ordførar i Nord-Aurdal

Lokalmatprodusentane og andre utstillarar er velkomne til å ha stand i Briskebyen.

Den enkelte utstillar har ansvar for standen si og brukar eige telt. Om det er behov for å låne utstyr:

Telt: Valdres Natur- og Kulturpark har nokre telt til utlån, kontakt Guri, guri.gronolen@statsforvalteren.no.
Rakahukar: Kontakt Henning, henning.wangsnes@valdres.no

HUGS: Alle hjelper til med opprigging og nedrigging, både av eige og felles utstyr. Det skal riggast telt og standar kvelden før. Alle utstillarar møter fredag 21. juni kl. 18.00 i Briskebyen.

Standane opnar kl. 11 og stenger kl. 15.00 laurdag
Dette blir ein skikkeleg midtsommarfest, så pynt standen med rause mengder av markblomar. Bruk gjerne Norgesglas som vasar og svarte dukar som bidreg til eit heilskapeleg preg på standane. Standleige kr 400,- inkl. straum.

Påmelding:
Påmelding så fort som mogleg og seinast 6. juni til:
Guri Grønolen, E-post: guri.gronolen@statsforvalteren.no.

Treng du straum og til kva? Gje beskjed saman med påmeldinga. Prinsippet førstemann til mølla gjeld.

Valdresdagen er eit samarbeid mellom Valdres Sommersymfoni, Kurv frå Valdres, Fagernes Handelsstand, Statsforvalteren i Innlandet, Gjensidige Brannkasse, Fjellkjeden/Intersport og Valdres Natur- og Kulturpark 

Søk ting å gjøre

Type:
Sted:
Sted
Navn / nøkkelord: