Rogn Camping
Om
Rogn camping ligg langs E16 ved Begna elv, også kalla Storåne. Mange kjem hit for å fiske, padle i elva, gå turar i fjell, skog og mark i nærområdet eller for ei rimeleg overnatting på ferieturen. Rogn Camping ligg dessutan ved starten av Kongevegen over Filefjell. Plassen har 8 campinghytter i lafta stil, med plass til 4-6 personar. Det er elles god plass for campingvogner, bubilar og telt. Campingplassen har eige sanitæranlegg med dusj, toalett, vaskemaskin og diverse utstyr.
Turtips:
Om lag fem kilometer vest for campingplassen startar fyrste etappe av Kongevegen over Filefjell - eller siste etappe om ein kjem vestfrå. Turen over Kvamskleive gjev innsyn i eit eineståande veganlegg, og byr på store natur- og kulturopplevingar. Frå campingplassen kan ein nytte bil eller sykkel langs E16, eller ein kan gå på austsida av vassdraget fram til starten på denne Kongevegetappen. Om nokon har behov for transport, kan det ordnast. Frå campingplassen er det fleire andre flotte turar i nærmiljøet, ikkje minst opp til Hugakøllen.
Anna:
Orientering/gaiding om planteliv, fugl/sommarfugl i området kan gjevast på førespurnad.
Heimeside:
https://www.rogncamping.com/