Om
Klar for folkemusikk og dans i sumarlyse nettar? Velkomen til Jørn Hilme-stemnet!
Storparten av arrangementa våre foregår på Valdres folkemuseum. Her finn du små og store konsertar, dansefestar der det kan bli både sveitt og heitt eller du nyt sommarkvelden ute med varm ullgenser, kald pils og valdresspringar! For familiar har vi mange aktivitetar i Småfolk-serien vår. Leik, lytt og nyt!
Vi har også kurs for deg som vil lære å danse springar, synge folkesong eller å spela munnharpe eller langeleik. Du kan også gå på kurs for å smi di eiga munnharpe! Dersom du lurar på kva i all verda folkemusikk- og dansemiljøet er for noko, gir kurset Ferskfolk deg ei lettsindig innføring i feltet før du kastar deg ut i laurdagskvelden på museet på Noregs nest eldste festival.
Det blir vandring i Fagerdalen, kurs, kappleik, dansetime for ungar, Haldor Røynes ærespris, samtale, gatekunst, krullarkro, busstur, kviss, go’kar-tevling og mykje, mykje meir!
Velkommen til Jørn Hilme-stemnet i Valdres 7.–14. juli. For program og kjøp av billettar – sjekk www.hilme.no.