Visuell identitet for Valdres
Den visuelle identiteten for Valdres skal vera eit verktøy for å bygge merkevara Valdres. Designet skal vera med og styrke den posisjonen Valdres ønskjer å ha i marknaden som "sanseriket". Den nye profilen skal også vera samlande for heile Valdres.
Det er viktig at Valdres har ein klår, ryddig og heilskapleg visuell identitet. Slik blir kommunikasjonen tydeleg og truverdig.
Hugs at:
God design synleggjer. God design skil oss frå dei andre i marknaden. God design skaper klårleik. God design gjev tiltru. God design gjev finansiell styrke. God design rører ved kjenslene.
Eg sansar – ser, høyrer, luktar, smaker og føler. Den sjette sansen kiler og krydrar tilveret. Indre og ytre opplevingar skjerper sansane mine. Eg lever.
Kvifor draken og hjarta?
Draken er viljesterk og kraftfull. Draken pregar mykje av ornamentikken på stavkyrkjene. Draken appellerer til den sjette sansen – til fantasien. Han er mytisk og mystisk, spennande og kanskje litt skræmande. Hjarta symboliserer det levande og sansande mennesket. Hjarta finn vi i låverosene. Hjarta er liv, kjærleik og omtanke. Valdres har hjarterom.
Verdiløftet
Diffrensieringspunktet og verdileveransen til Valdres er "Valdres skjerper sansane" Det er også eit løfte og ei forventing som må bli innfridd, og Valdres må svare til forventingane. Ei effektiv regionmerkevare skal vera unik, truverdig, robust og særeigen.
Posisjon
Det rike mangfaldet av sterke sanseopplevingar og inntrykk er fundamentet for slagordet "Valdres skjerper sansane". Spesialitetar og særeigenheitar. Valdres er eit nisjeprodukt, og må marknadsførast deretter.