Tilskot: Folkemusikk i notid og framtid 2025

Bilete frå Åsgårdsreia Teaterlag si framsyning "Eg er Tølleiv". Prosjektet mottok tilskotet for 2024.
Foto: Anders Lillebo

Tilskot for 2025

Utlysning av midlar til produksjonsstøtte for ordninga Folkemusikk i notid og framtid

Valdreskommunane forvaltar ei tilskotsordning for produksjon og framsyning av folkemusikk og folkedans. I 2025 er det 60.000 kroner til fordeling. Støtta blir gitt til 1–3 produksjonar som produksjonsstøtte og/eller turnéstøtte.

Produksjonen skal ha røter i musikk- og dansetradisjonane i Valdres og utøvarane bør ha tilknyting til Valdres. Hovudformålet er at flest mogleg born og unge skal oppleve levande folkemusikk frå Valdres. Produksjonen kan inngå i den kulturelle skulesekken eller visast i samanhengar der det er naturleg at born og unge er med.

Søkjarar busett i Valdres vert prioritert.

I 2024 gjekk tilskotet til Åsgårdsreia Teaterlag for framsyninga "Eg er Tølleiv".

For å få produksjonsmidlar innan ”Folkemusikk i notid og framtid” må:

  • Produksjonen skal være klar for framsyning innan utgangen av 2025
  • Produksjonen vere egna og visast på arena for born og unge/familiar/alle
  • Produksjonar som blir produsert for (DKS) Den Kulturelle Skulesekken skal sendast ut til alle Valdreskommunane

Her finn du søknadsskjema (Søknadsfrist: 15. desember 2024)

For spørsmål, ta kontakt med Frank Rolland på frank.rolland@valdres.museum.no /90632556 eller Marianne Straum på marianne.straum@valdres.no/ 91876235.

Sjå videosnutt frå "Eg er Tølleiv" under.
Arne Heimstøl/www.hedalen.no

Nyheter Fra Valdres

se Valdresnyheter

News

desember 2024

november 2024

oktober 2024

>
>
>
visitvaldres