Den Bergenske Kongevegen gjennom Valdres
Frå Dokka i sør-aust, gjennom Bruflat, over Tonsåsen, vidare opp dalføret over Filefjell til Lærdal, går Den Bergenske Kongevegen. Vegen vart ferdig i 1793 og bygd etter kongeleg forordning. Kongevegnemninga er direkte knytt til tida Noreg låg under Danmark og til åra med einevelde (1600-1800). Kongevegane i Danmark var i hovudsak bygd for Kongen og hans store administrasjon. Kriteria for å vere ein kongeveg er blant anna at det er en hovudveg av nasjonal tyding og storleik, som stift og stat sjølv initierte bygginga av.
I hovudsak var kongevegane dei viktigaste innanlandsrutene som i stor grad vart etablert alt i mellomalderen, og som vart utbetra og bygd om til køyrbare vegar for ein meir effektiv kommunikasjon. Administrasjonen sat i København, kongevegane var bindeleddet i den offentlege transporten av skattar, post og embetsfolk, i tillegg til å ha ei viss militær tyding.
Å bygge ridevegane om til køyrbare vegar var eit arbeid som kravde enorme ressursar og difor var det naudsynt med kongelig oppmoding. Under arbeidet med den Bergenske kongeveg vart det utstedt ein forordning frå Kongen i 1792 om blant anna ansvarsfordeling og ekstra pliktarbeid, samt korleis vedlikehaldet skulle organiserast etter at vegarbeidet stod ferdig.
Kongevegane har eit eige symbol som er strengt knytt til dei definerte kongevegane.
Andre kjende kongeveger er:
- Den Trondhjemske kongevei
- Den Fredrikhaldske kongevei
- Den Wingerske kongevei
- Den Sørlandske kongevei
- Sølvvegen mellom Kongsberg og Hokksund
Omgrepet Kongeveg gikk ut av bruk i 1824, då Noreg fekk ny veglov der dei viktigaste vegane skulle heite hovudveg.
Den Bergenske Kongevegen gjennom Valdres-kommunane er i ulik stand. Fleire stader er den godt tilrettelagt, andre strekk er fjerna, ligg under E16, rast ut eller attgrodd. Region og kommunar har i mange tiår arbeida for å leggje til rette for dei strekningane som kan nyttast, både med rydding, restaurering og informasjon.
Arbeidet i Valdres
I Kulturminneåret i 2009 byrja ei gruppe i Lærdal og Vang/Valdres å samarbeide for å ruste opp strekninga frå Vang over Filefjell til Lærdal. Arbeidet vart etter kvart formalisert til eit samarbeid mellom Statens vegvesen, Oppland fylkeskommune, Sogn- og Fjordane fylkeskommune, musea i Sogn og Valdres, Lærdal kommune og Vang kommune. I nasjonal verneplan for vegminne vart det definert verna strekningar og i 2012 vart det sett av kr. 15 millionar til opprusting av strekningane Galdane, Vindhella og Maristuen-Kyrkjestølen. I tillegg vart det sett av kr.1,5 mill. ekstra til Vindhella og kr. 1,5 mill. til Kvamskleiva i Vang. I tillegg har Riksantikvaren, gjennom Verdiskapingsprogrammet for kulturminne, bidrege med til saman om lag kr. 1,5 mill., medan fylkeskommunane på begge sider har bidrege med tilsvarande beløp. I tillegg har kommunane Vang og Lærdal bidrege med anna vedlikehald, brubyggingar og arbeidsinnsats.
I dette samarbeidet har Valdres Natur- og Kulturpark utarbeida skiltplanar og søkt støtte til dette frå Sparebankstiftelsen DNB. Tilsegn vart gjeve i tre omgangar på kr. 350 000 (2013), 220 000 (2014) og 60 000 (2015), til saman kr. 630 000.
Samarbeidsprosjektet var forpliktande og vart avslutta 1. juli 2016.
Bedriftenettverket for Kongevegen over Filefjell
I 2014 vart det etablert eit bedriftsnettverk knytt til Kongevegen over Filefjell, med Valdres Natur- og Kulturpark som medbedrift og prosjekteigar. Bedriftsnettverket vart støtta av Innovasjon Norge i alle tre fasar; forstudie, forprosjekt og hovudprosjekt. Hovudprosjektet varte i tre og ut 2017. Bedriftane har mellom anna utarbeida eigen logo og heimeside.
Prisdryss
I 2014 vart strekninga Kongevegen over Filefjell tildelt den prestisjetunge prisen frå Statens Vegvesen, Vakre vegars pris.
I 2017 mottok prosjektet EU sin Nostra-pris.
Andre strekningar av Den Bergenske Kongeveg gjennom Valdres
Hensåsen – Høre
Bruflat – Tonsåsen
Fagernes – Leira