Norsk seterkultur er ein medlemsorganisasjon som arbeider for å ta vare på seterkulturen i eit langsiktig perspektiv gjennom aktiv bruk av setrane i tråd med lokal kunnskap frå fortid og samtid.
– Med seterkultur forstår organisasjonen både natur, kultur og næring knyt t til utmarksområda som er og har blitt nytta til seterdrifta.
– Interesseorganisasjonen skal fremja interessa for seterkultur overfor offentlege styresmakter og samfunnet generelt.
Sidan 2019 har organisasjonen hatt dagleg leiar i 20% stilling, Katharina Sparstad. Kontoret til dagleg leiar er lokalisert i lokala til administrasjonen til Valdres Natur og Kulturpark på Fagernes. I administrasjonen elles er ansvarleg for medlemmar, faktura og rekneskap, Svein Løken og redaktør Øystein Skjæveland. Sjå meir her: http://www.seterkultur.no/?page_id=3133
Norsk seterkultur har om lag 450 medlemmar og gir ut medlemsbladet Seterbrukaren 3 gonger i året. I tillegg arrangerer Norsk Seterkultur ei årleg fagsamling i samband med årsmøta rundt om i landet.
Aktuelle saker
Beskytta betegnelse for setersmør: Norsk Seterkultur har fått beskytta betegnelse for setersmør. Det vil seie at alle medlemmar som oppfyll forskrifta kan bruke merket mot ei lita administrasjonsavgift. Les meir her: http://www.seterkultur.no/?page_id=3110
Seterkulturen på UNESCO si liste for immateriell kulturarv: Norsk Seterkultur arbeider for at seterkulturen kjem på UNESCO si liste for immateriell kulturarv. Arbeidet er basert på to årsmøtevedtak og har no vore gjennom forstudie og forprosjekt, og arbeider no med finansiering av hovudprosjektet. Les meir om arbeidet her: http://www.seterkultur.no/?page_id=3188
Seterkulturen er allereie registrert som raudlista over truga kulturarv til Norsk Kulturråd: https://www.immateriellkulturarv.no/bidrag/setring-i-noreg/
Internasjonalt
Norsk seterkultur er medlem i den Europiske paraplyorganisasjonen om beitebruk og kulturlandskap EFNCP (European Forum on Nature Conservation and Pastoralism, http://www.efncp.org) .
I tillegg samarbeider organisasjonen med ei rekkje organisasjonar og institusjonar – både nasjonalt og internasjonalt, og er høyringsinstans og samarbeidspartnar med styresmaktene på alle nivå. I seinare tid har vi engasjert oss sterkt i plansaker som vedkjem arealbruken i seterområda, eit tema som er aktuelt i mange kommunar.
Norsk seterkultur bidreg med informasjon om fjell-landbruket i Noreg til FAO sin digitale plattform http://www.fao.org/family-farming/en/.
For meir info om Norsk seterkultur: www.seterkultur.no og Norsk seterkultur på facebook.
For kontakt: seter@seterkultur.no/ 99009584/46920370