Festivalane i Valdres har sidan 2008 hatt eit eige nettverk. Nettverket er organisert i gjennom Valdres Natur- og Kulturpark som kallar inn til møter og fungerer som sekretær. Nettverket har møter 3-5 gonger i året der det vert sett søkelys på ulike tema. Hensikta med nettverket er å styrke samhandlinga og kompetanse mellom festivalane og å styrke merkevara Valdres.
For Valdres reknar vi festivalar innanfor desse kriteria:
- Arrangementet må vare minst 3 samanhangande dagar
- Arrangementet må ha minst 1000 deltakarar/gjester. Dersom festivalen ligg under grensa meir enn tre samanhengande år fell festivalen ut av nettverket.
- Arrangementet skal vere årleg
- Arrangementet skal vere stadbunden
- Programmet skal ha høg kvalitet av nasjonal interesse
- Arrangementet må ha fast sekretariat og fast tilsett leiar.
- Arrangementet skal aktivt støtte opp om festivalstrategien og merkevarebygginga i Valdres
- Festivalen må ha eit langsiktig perspektiv med utviklingspotensiale.
- Festivalen må ha eksistert i minst 1 år før han kan takast opp som hospitant
Festivalstrategien
Festivalane anslår sjølv at dei bidreg med godt over 100.000 gjestedøgn i Valdres. Festivalane i Valdres er derfor eit særs viktig bidrag i å utvikle lokalsamfunnet. For å legge tilhøva til rette for utvikling både for festivalane og lokalsamfunnet har Valdres Natur- og Kulturpark utrabeida ein eigen festivalstrategi.
Innhaldet i strategien skal sikre det kvalitative innhaldet og sørgje for at profileringa av festivalane underbyggjer verdigrunnlaget i Valdres Natur- og Kulturpark. Strategien vart første gong vedteke i februar 2008, og har sidan vore revidert annakvart år etter innspel frå festivalane, Kulturnettverket i Valdres, Visit Valdres og Valdres Næringshage.
Festivalstrategien 2023-2024 finn du her
Festivalstøtte
Valdres Natur- og Kulturpark set kvart år av ein viss sum til festivalstøtte til festivalane i nettverket. Støtta er meint som ei belønning til festivalar som oppfyller alle krava i innsatsområda i denne strategien, og berre festivalar som følgjer opp innsatsområda får støtte. Støtta vert også redusert dersom deler av innsatsområda ikkje vert fylgt opp. Tilskotet er heller ikkje meint som eit substitutt for tilskot frå andre, offentlege kulturinstitusjonar, men som eit virkemiddel til å styrke merkevara Valdres.
Festivalane i festivalnettverket blir fremja med ei eiga oppføring på www.valdres.no
Festivalar som er med i nettverket i 2024 er:
1. Norsk Rakfiskfestival
2. Ridderrennet
3. Vinjerock
4. Valdres sommersymfoni
5. Jørn Hilme-stemnet
6. Beitosprinten
7. Trollrock
8. Hemsingfestivalen
9. FRIKAR i fossen - GANDR
10. Hedalen Kulturfestival