I Valdres blir oppgåver innanfor kultursektoren samordna gjennom Valdres kulturnettverk.
Nettverket tek på seg oppgåver som å gje innspel til nasjonal handlingsplaner for kulturfeltet, utarbeide høyringsuttaler til Innlandet fylkeskommune sine strategiar og handlingsplaner, gje innspel til langsiktige- og årsplaner innan kulturfeltet i Valdres og rullering av Festivalstrategien for Valdres. Andre arbeidsoppgåver er tildeling av produksjonsstøtte til ordninga Folkemusikk i Notid og Framtid og koordinering av DKS. Det var også Kulturnettverket i Valdres om organiserte utsmykkinga i VLMS.
Dei som er representert i nettverket i 2024 er:
- Sør-Aurdal kommune v/ Gunvor Elene Thorsrud, rådgjevar oppvekst og kultur
- Etnedal kommune v/ Nina Espeseth Grønbrekk, kulturkonsulent
- Nord-Aurdal kommune v/ Renate Remme Øverseth, kultursjef
- Øystre Slidre kommune v/ Kari Onstad, kultursjef
- Vestre Slidre kommune v/ Torill Trøen, leiar for kultur og frivilligheit
- Vang kommune v/ Yvonne Mæland, rådgjevar kultur og oppvekst
- Valdresmusea v/ Anne Marit Noraker, seksjonsleiar kulturhistorisk seksjon
- Valdres Natur- og Kulturpark v/ Marianne Straum, kulturrådgjevar
Mandat for Kulturnettverk Valdres
Forankring til Forum for opplæring og kultur (OK -forum):
Kulturnettverk Valdres, (no kalla nettverket) er eit samarbeidsorgan som består av dei viktigaste kulturaktørane i regionen. Mandat og samansetnad vert vedteke av OK-forum.
OK-forum er Valdreskommunane sitt skule og barnehageleiarforum med ansvar for opplæring og kultur. OK-forum er forankra i rådmannutvalet (RU).
Oppgåver og myndigheit
Kulturnettverket har ein rådgjevande rolle og skal:
- Vere høyringsorgan for kulturrelaterte saker som skal til behandling i OK-forum
- Ha fokus på utviklingsarbeid og følgje opp vedtekne planar innafor kulturområdet
- Initiere tiltak/prosjekt innafor kulturområdet
- Vere ein arena for fagleg samarbeid
- Arrangere UKM
- Fordele regionale prosjektmidlar innafor kulturområdet (t.d. Folkemusikk i notid og framtid)
Informasjonsflyt mellom nettverket og OK-forum:
- Møteinnkalling og møtereferat frå nettverket og OK-forum utvekslast mellom leiarane av dei nemnde utvala.
- Leiarane i nettverket tek kontakt minimum ei veke før møtet skal haldast med innspel til saker dei ønsker å drøfte
- Representantane i nettverket drøftar aktuelle saker med sine overordna i forkant av møta
- Saker som krev vedtak i OK-forum sendast leiar i OK-forum, som tek saka opp i påfølgjande møte
- Sakliste og referat sendast til deltakarane i nettverket, og lagrast på fellesområdet til kommunane i Valdres
Samansetting av nettverket:
I dag er desse faste deltakarar:
- Ein representant frå kvar kommune, oppnemnt av den kulturansvarlege i kommunen
- Ein representant frå kulturavdelinga i Valdres Natur og Kulturpark. (VNK)
- Ein representant frå Valdresmusea AS
Det skal vera kontinuerlig vurdering rundt kven av kommunale og regionale aktørar det er tenleg å ha med i nettverket. Nettverket kan sjølv ta med andre aktørar i enkeltsaker.
Organisering:
- Leiinga rullerer i samsvar med leiinga i OK-forum
- Medlemmane rullerer på å vere vertskap for møta. VNK har sekretærfunksjon for nettverket.
- Det arrangerast omlag seks møter i året
- Saker meldast til leiaren i nettverket som sender ut innkalling med sakliste
- Nettverket fordeler oppgåver og ansvar seg imellom for oppfølging av saker nettverket er einige om å gå vidare med
- Ved behov kan saker avklarast på e-post, dersom nettverkets møtefrekvens tilseier at dette er det mest hensiktsmessige
Økonomi:
- Reiseutgifter dekker kvar enkelt kommune/eining for sine deltakarar
- Den økonomiske oversikta for tiltak nettverket gjennomfører, varierer frå prosjekt til prosjekt