Kort om stavkyrkjene i Valdres
Nesten ein femdel av dei bevara stavkyrkjene i Norge i dag står i Valdres, seks av 28 kyrkjer. Dei er både bygningsmessig og med omsyn til dekorasjonar, i slektskap med stavkyrkjene i Sogn. Vegen over Filefjell mellom Sogn og Valdres, var den viktigaste ferdselsåra over land mellom Bergen og Oslo alt den gong. Kulturimpulsar og rikdom utanfrå, kom i stor grad langs den noverande stamvegen E-16, som har lange tradisjonar. Handel med ”valdres-jern” skapte også rikdom. Det er såleis ikkje rart at Valdres har tre steinkyrkjer frå middelalderen, dels i engelsk, dels i kontinental stil. Desse kravde meir fagkunnskap, men utvikla seg elles side om side med stavkyrkjene med nokre særdrag som kjem av materialane.
Mange kyrkjer i Valdres i dag
Valdres hadde ein «norgesrekord i kyrkjetettleik» i middelalderen og har det framleis i dag, utanom byane. Før Svartedauden i 1349 må folketalet i Valdres ha vore om lag 3-4000 menneske. Etter pesten levde det att om lag 1200 menneske. Likevel hadde Valdres 21 sikre kyrkjer, av desse 18 stavkyrkjer og tre steinkyrkjer. Hallingdal hadde til samanlikning åtte stavkyrkjer og ingen steinkyrkjer. I dag har Valdres 35 kyrkjebygg, medan Hallingdal har 18. Dei to dalføra har alltid hatt eit nokolunde samanliknbart folketal.
Valdres Stavkyrkjeforum
I 2006 vart Valdres ein av 11 pilotar under Verdiskapingsprogammet på Kulturminneområde under Riksantikvaren. Ein av hovudoppgåvene var å arbeide for auka verdiskaping knytt til stavkyrkjene.
I samband med dette arbeidet vart det sett ned eit eige forum for arbeidet med stavkyrkjene. Hensikta med forumet er å samordne oppgåver knytt til stavkyrkjene som besøkskyrkjer.
Forumet består av representantar frå:
- Kirkevergene frå stavkyrkene i Vang, Vestre Slidre, Øystre Slidre og Sør-Aurdal
- Valdres prosti
- Visit Valdres
- Valdresmusea AS
- Valdres guide foreining
- Valdres Natur- og Kulturpark (sekretariat)
Oppgåver til Valdres stavkyrkjeforum:
- Arbeide for å løfte stavkyrkjene til å bli det mest attraktive besøksmålet i Valdres
- Arbeide for eit regionalt kompetansesenter for stavkyrkjene i Valdres
- Samordne omvisingstenesta ved kyrkjene. Målet er at det alltid er minst ei open kyrkje
- Marknadsføre kyrkjene i Valdresguiden, Valdres magasinet, Valdres TurApp eller anna media
- Drifte facebokside for stavkyrkjene i Valdres
- Arrangere ValdresVertkurs for stavkyrkjeguidene
- Utveksle erfaringar
Forumet har også definert dei andre mellomalderkyrkjene inn i arbeidet, det vil seie Slidredomen og Ulnes kyrkje.
I 2016 har også styret i Valdres Natur- og Kulturpark vedteke at alle kyrker, ikkje berre mellomalderkyrkjer, som har omvisingsteneste skal inviterast inn til ValdresVert-kurset for omvisingstenesta og marknadsføring.
Alle stavkyrkjene har sidan Valdres Natur- og Kulturpark og Valdres stavkyrkje forum fått eige informasjonstavler, felles bilettar med kort tekst og bilete. I tillegg er det laga postkort, kyrkjepass med tekst, bilete og plass til stempel for alle kyrkjene, eige stavkyrkjehefte som var trykt i 2. opplag i 2015.
Det er også laga 3D datapresentasjon for kyrkjene Øye og Reinli:
Sjå 3D-presentasjon av Reinli kyrkje her
Sjå 3D-presentasjon av Øye kyrkje her
Historia om Lomen stavkyrkje
Valdres Natur- og Kulturpark har til saman søkt om kr 920000 frå Oppland Fylkeskommune og Riksantikvaren sitt verdiskapigsprogram den 15. januar 2019. Søknaden gjeld prosjekt Historia om Lomen stavkyrkje og er delt i fem del-tiltak:
Parkering, tilrettelegging og informasjon
Kulturstig ved Lomen
Enkel kafedrift i freda bygg ved kyrkja
3D-presesentasjon av Lomen
Etablering av web-basert kunnskapsbase
Søknaden bygger på langsiktig prosjekt Vandring i kirkehistorien som knyt seg til Pilegrimsvegen gjennom Valdres.